|
Møteprogram for vinteren/våren 2012
Medlemsmøta våre, som normalt er opne for alle planteinteresserte, blir vanlegvis haldne den første måndagen i månaden, kl. 19.00.
6. februar Ingar Pareliussen: Klosterflora frå Lesvos, Hellas.
Universitet i Agder sitt studiesenter Metochi på øya Lesvos er utgangspunktet for ein tur rundt i ulik vegetasjon på øya Lesvos. Med utgangspunkt i plantene som er å finne i klostergarden tar vi sveip i området rundt klosteret og opp i høgda og ned på stranda. Litt smakebitar frå historie og kultur blir det og tid til. Ingar Pareliussen jobbar på Dronning Mauds Minne høgskule og arrangerer årlege skriveseminar ved klosteret for tilsette i universitet og høgskulesystemet.
5. mars
Klokka 19.00 - Årsmøte for Norsk Botanisk Forening, Trøndelagsavdelinga.
Medlemmene får årsmøtedokumenta tilsendt på førehand.
Ca. klokka 19.30. - Ope foredrag: Olav Dahle Svanholm: Fjellvegetasjon og fjellflora i Ecuador.
Misjonsrådgivar Olav Dahle Svanholm har budd ni år i Ecuador, og vil gi oss sine inntrykk av vegetasjon og flora i dei ecuadorianske fjella der skoggrensa ligg 3−4 gonger så høgt som i dei sørnorske fjella. Med bakgrunn frå Oppdal og røynsle frå botanisk feltarbeid på Svalbard kan Olav fortelje oss både om skilnader og likskap med tilsvarande vegetasjon under våre himmelstrøk.
16. april Trond Kristoffersen: Et utsnitt av fjellfloraen på Helgeland
Trond Kristoffersen er førstelektor ved HiST, avdeling Trondheim økonomiske høgskole der han bl.a. har ansvaret for den 3-årige utdanninga til autorisert rekneskapsførar. For oss i NBF er han mest kjent som plantefotografen bak boka ”Det blomstrende fjellet”. I foredraget vil han ta oss med til rike plantefjell nord og aust for Mosjøen i Vefsn kommune. Desse fjella ligg midt mellom hovudområda for dei ”sentriske” fjellplantene, men det hindrar ikkje at det veks mange interessante fjellplanter også her, kanskje fleire enn mange har trudd?
7. mai Thyra Solem: Gran Canaria - mer enn sol og strand
Gran Canaria er ei vulkanøy med ein spesiell flora og mange endemiske artar. Thyra Solem, botanikar tilknytt NTNU Vitskapsmuseet, viser oss at denne øya har meir å by på enn det solhungrige og vintørste badegjestar vanlegvis får med seg.
|
Møta blir haldne på NTNU Vitskapsmuseet, i auditoriet i Suhmhuset, Elvegata 6 (same hus som Middelalderutstillinga og Café Magasinet; inngang til museumsgardsplassen anten frå hjørnet Elvegata/Kalvskinnsgata eller frå Gunnerus' gate). Møtestart er klokka 19.00 (inngangsdøra blir opna ca. 20 min. før)
Vi avsluttar møta med ei enkel servering til kostpris, plante-utlodning ogsosialt samvær. |